Elvastien er ein idyllisk turveg langs Ørskogelva med flotte trefigurar. Elvastien er ikkje brøyta om vinteren. På turen passerer du den flotte Steinholtbrua, Gamlebanken og Sjøholt hotell. Bankparken har leikeapparat for barna og paviliong med Sjøholt hotell og ein lokomobil.
Du kan starte kvar som helst på rundturen, men her tek vi utgangspunkt i Ørskog kyrkje. Gå Elvastien langs Ørskogelva opp til Steinholt bru. Kryss elva over gangbrua og følg gangvegen under E 39 og sving til venstre i undergangen. Hald fram etter gamlevegen ned mot sentrum. Ta av til venstre og gå gjennom bankparken, bak banken og Ørskog Samfunnshus. Følg gangvegen gjennom undergangen og gå vidare langs Kyrkjevegen tilbake til kyrkja. Ta gjerne avstikkarar til småbåthavna, idyllen på aktivitetsparken Måsøyra eller nedom kyrkja til Prestefjøra.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Asfalt | 2 |