English

Liavarden

Ørsta

Kort om turen

Liavarden (også kalt Kalvedalshornet) er ein fantastisk tur med flott utsikt heile vegen. Turen er middels krevjande, men ikkje vanskeleg. På vegen ned igjen kan du stikke innom Rjåneskamben.

Ruteskildring

Turen startar bak Liadalsvegen 972. Siste huset før svingen på oversida av E39. OBS: Dette er ein privat veg, her er det ikkje lov til å parkere, det gjer du på nedsida av E39, ved senteret. Vær forsiktig når de kryssar vegen.

Her følgje de merka løype mot Rjåneskamben (ca 320 moh). Her stig det fort. Rett før siste kneika mot Rjåneskamben ta til høgre. Her er ein liten rasteplass med flott utsikt over Liadal. Hald fram på stien vidare, når det flatar ut litt, kryss ein liten bekk. Det kan vere lurt å fylle vassflaska her. Etter å ha kryssa bekken, følgje egga på høgre side oppover.

På høgda går ruta skarpt til venstre og merket med skilt Liavarden (ca 649 moh). No er de snart framme. Her er fantastisk utsikt. For de aller sprekeste kan turen gå vidare til Liahornet (ca 1035 moh) God tur!

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta kjør E39 mot Ålesund i ca 11km. Ved avkjøring til Rjånes ferie -og konferansesenter er parkering (nedsida av E39). Er det fullt her, så er det parkering nede ved sjølve senteret. Dette er avklart med grunneigar. Gratis parkering. OBS: Vegen på oversida av E39 er privat og kan ikkje brukast til parkering for andre enn bebuarane.
Fottur
Rød
Lengde
2,16 km en vei
Stigning
614 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
646 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5
Ingen sti 0,66

Offentleg transport

Det er buss-stopp rett ved startpunktet. Sjå rutetider på frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut