English

Liahornet 1035moh

Ørsta

Kort om turen

Liahornet i Ørsta er ein fantastisk tur med flott utsikt heile vegen. Turen er krevjande, men ikkje vanskeleg. Finn du ut at turen vert for lang kan du stoppe ved Liavarden å nyte utsikta. På vegen ned igjen kan du stikke innom Rjåneskamben.

Ruteskildring

Turen startar bak Liadalsvegen 972. Siste huset før svingen på oversida av E39. Vær forsiktig når de kryssar vegen.

Her følgje de merka løype mot Rjåneskamben (ca 320 moh). Her stig det fort. Rett før siste kneika mot Rjåneskamben ta til høgre. Her er ein liten rasteplass med flott utsikt over Liadal. Hald fram på stien vidare, når det flatar ut litt, kryss ein liten bekk. Det kan vere lurt å fylle vassflaska her. Etter å ha kryssa bekken, følgje egga på høgre side oppover. På høgda går ruta på høgre side av Liavarden (ca 649 moh). Her vil det etterkvart gå litt nedover, men ikkje lenge. No er Liahorn lett å sjå så målet er i sikte. No vil det stige litt igjen, og etter å ha passert eit par steinurer startar ei bratt stigning. Rett før denne stigninga er det ein vasspost (om det ikkje har vore for tørt). Følgje renna oppover der det er ei blanding av torv og ur. Her kan det ligge litt snø i starten av juni. I horisonten skal de no kunne sjå ein stolpe. Dette markerer starten på siste del av ruta som går gjennom ur med store steinar. Følgje stolpane oppover mot toppen. No er de snart framme. Her er fantastisk utsikt i alle retningar. God tur!

Tilkomst og parkering

Frå Ørsta kjør E39 mot Ålesund i ca 11km. Ved avkjøring til Rjånes ferie -og konferansesenter kan de parkere (nedsida av E39). Det står Ungdomssenter på skiltet. Er det fullt her, så kan de parkere nede ved senteret. Dette er avklart med grunneigar. Gratis parkering.
Fottur
Svart
Lengde
3,63 km en vei
Stigning
1025 m
Tidsbruk
4 t. 25 min.
Sesong
Sommer, Høst
Høyeste punkt
1035 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,5
Ingen sti 2

Offentleg transport

Det er buss-stopp rett ved startpunktet. Sjå rutetider på frammr.no

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring
Print ut