English

Liafjellet frå Tøssa

Ålesund

Kort om turen

Starten av turen går på god, brei skogsveg forbi bergknausar og gjennom stor, fin furuskog. Innimellom kjem det opnare parti med frodig lauvskog. Vidare kjem de opp i opnare landskap med god utsikt. Råsa går delvis bratt oppover gjennom stor furuskog og over myrer. I skogen ser de også barlind. Dette er den nordlegaste forekomsten av denne arten. 

Ruteskildring

Start ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen. Gå vestover langs gangvegen ca. 200 meter. Gangvegen går snart over i grusveg og etter vel 100 meter tek vi av til høgre og går langs god skogsveg som litt etter litt blir dårlegare. Skogsvegen slyngar seg raskt oppover og austover. Flott utsikt over fjord og fjell. Skogsvegen går over i ein tydeleg og god sti som går gjennom furuskogen over til Kleivane. Her kryssar de ein skogsveg og følgjer merking vidare oppover stien. Det er merka med ulike band og merkepinnar til råsa kjem inn på ein annan sti med lyseblå merking. Følg desse til toppen. Herifrå er det alltid våte parti i stien. Går du her på ettermiddags/kveldstid, kan du i sommarmånadane ofte sjå turistskipa på tur ut Storfjorden frå Geiranger. Det høgste punktet ligg her lengst vest på den langstrakte ryggen. Frå toppen ser du Storfjorden med gardane på Ramstaddalen og Furstranda mot sør og vest. I sør og aust ser du Ørskogvika og deler av Sjøholt. I nordvest ligg Solnør og kommunesenteret Skodje. Lenger unna ser du i aust toppane på Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet og i nord ser du m.a. Frostadtinden. 

Tilkomst og parkering

Ved E 39 5,4 km frå Sjøholt sentrum i retning Ålesund, i Tøssasvingen. Ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen.
Fottur
Rød
Lengde
3,91 km en vei
Stigning
513 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
526 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 2,5
Sti 5,3

Offentleg transport

Ja, timeekspressen går forbi Tøssa kvar time.

Anna

Vis hensyn. Fyr ikkje opp bål i skogen.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut