English

Liafjellet frå Kleivane

Ålesund

Kort om turen

Fin tur gjennom stor furuskog frå Kleivane i starten av turen. Vidare kjem de opp i opnare landskap med god utsikt. Råsa går delvis over myr og opp mot toppen over fine bergknausar. I skogen ser de også barlind. Dette er den nordlegaste forekomsten av denne arten.

Ruteskildring

Frå parkeringa følgjer du skogsvegen eit kort stykke før den tek av til høgre merka med raud pinne. Vidare oppover stien er det merka med ulike band og merkepinnar til råsa kjem inn på ein annan sti med lyseblå merking. Følg desse til toppen. Går du her på ettermiddags/kveldstid, kan du i sommarmånadane ofte sjå turistskipa på tur ut Storfjorden frå Geiranger. Det høgste punktet ligg her lengst vest på den langstrakte ryggen. Frå toppen ser du Storfjorden med gardane på Ramstaddalen og Furstranda mot sør og vest. I sør og aust ser du Ørskogvika og deler av Sjøholt. I nordvest ligg Solnør og kommunesenteret Skodje. Lenger unna ser du i aust toppane på Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet og i nord ser du m.a. Frostadtinden. 

Tilkomst og parkering

Parkering nede ved hovudvegen. Gå opp bakkane til Kleivane. Oppe på Kleivane er er det ein snuplass. Vis hensyn og ikkje parker her på privat område.
Fottur
Blå
Lengde
4,04 km tur/retur
Stigning
0 m
Tidsbruk
3 t. 45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
492 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Timeekspress langs europavegen kvar time. Du kan gå opp bakkane til Kleivane.

Kart

Ørskogfjellet
Køyreskildring
Print ut