Her kan ein få ein fin rundtur med ei fantastisk utsikt store delar av turen. Bratt opp-/nedstigning alt etter kva veg ein vel å gå. På krevende parti (ikkje luftig) er det lagt ut tau som ekstra støtte. Ein kan sjølvsagt velge å gå same rås både opp og ned.
Start frå parkeringsplassen ved idrettsplassen på Sundsmyra og vidare på sti opp til toppen av Leirvågfjellet. Ein kan gå turen som ein rundtur eller velge same veg opp og ned om ein ønsker det. Turen går i fint terreng, på tydeleg sti og alle stikryss er merka. Steinbruer og klopper dekker våte parti.
Parkering på parkeringsplassen til Sundsmyra Idrettspark, i enden av Leivågvegen. Ingen avgift.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 2 |