English

Leinemastra på Leinøya

Herøy

Kort om turen

Lettgått tur med passelig jamn stigning heile vegen.  Fin utsikt når du kjem ut av skogen. Om sommaren får du sjå sola går i havet i horisonten.  
Du kan velge å gå denne turen som ei runde ved å gå vidare til Vardeheida og ned via Frøystadtoppen eller til Leinehornet og ned vegen der.  

Ruteskildring

Frå parkeringa skal du gå tilbake den retninga du kom frå, langs gangvegen på andre sida av vegkrysset. Følg skiltinga. Når du kjem til ein trafokiosk skal du gå opp igjennom skogen, følg stien/skilting. I starten går du eit stykke gjennom skogen, før det åpnar seg og du går vidare, delvis på stein/berg. Nydelig utsikt mot Leinøy, Nerlandsøy, Bergsøy og Moltu. Åpent og luftig resten av vegen. Fortsett langs ryggen på fjellet til du kjem til Leinemastra. I desember er denne opplyst som eit juletre. 

Tilkomst og parkering

Frå FV 654 mot Fosnavåg tek du av på FV 5876 Leinevegen mot Runde. I krysset på Nærøya på venstresida av vegen er det godt med parkeringsplassar. Skilta turparkering.
Fottur
Blå
Lengde
1,29 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
1 t. 20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
268 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Anna

Ikkje spesielt våt sti, sjølv etter nedbør
Køyreskildring
Print ut