English

Leinehornet frå Volsundfjellet

Herøy

Kort om turen

Leinehornet er høgste fjellet på Leinøya. Her har du god utsikt mot dei andre øyane i Herøy og mot Ulsteinvik og fjella på Hareidlandet. Denne ruta følger ryggen frå Volsundfjellet, som gir deg flott utsikt heile vegen til topps.

Ruteskildring

Følg Leinevegen 70-80 m vidare til svingen ved Volsundfjellet. Gå opp til eit steingjerde på høgre side av vegen og kryss steingjerdet. Då kjem du rett inn på stien som du skal følge heile vegen til topps. Stein er tydeleg og det er jamnt stigning heile vegen. Flott utsikt heilt til topps!

Gi deg tid til å nyte utsikta når du kjem til topps.Tek du turen på kvelden, kan du få med deg ein flott solnedgang.

Tilkomst og parkering

Frå fv 654 mot Fosnavåg tek du av på fv 5876 Leinevegen. Følg denne om lag 3,2 km til du kjem til eit nes. Nedanfor Leinevegen 252 er der ei avkøyrsle/lomme der du kan sette frå deg bilen.
Fottur
Blå
Lengde
1,03 km en vei
Stigning
350 m
Tidsbruk
45 min. ei
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
362 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2

Offentleg transport

https://frammr.no/ Søk f.eks på Fosnavåg-Remøy. Det går også fint å sykle

Anna

Det er fleire ruter til topps. Du finn dei på morotur.no eller i stikkut-appen

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut