English

Laupsnipa

Herøy

Kort om turen

Laupsnipa ligg på grensa mellom Herøy og Sande og kneisar høgt over Rovdefjorden med god utsikt i alle retningar. Gurskøy IL har trimpost på Laupsnipa.

Ruteskildring

Turen startar i eit gardstun ca 250 m før snuplassen i Voldneset. Gå opp ein traktorveg ved ei løde, der er skilta med Laupsnipa, følg traktorvegen, den går i sikksakk opp gjennom skogen,  når du kjem til enden av traktorvegen går råsa først gjennom skog, når du kjem ut av skogen kryssar du elva og råsa går etter ryggen opp til toppen av Laupsnipa. 

For dei som ynskjer ein meir spektakulær tur kan det vere vel verdt å gå dei 400 meterane ut til Laupskeipen som ligg vest på Laupsnipa. Dersom du då går heilt ned på sørkanten vil du finne fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet. Omtrent midt imellom Laupsnipa og Laupskeipen er der også ei 40 m lang sprekke som viser at eit område er i bevegelse, og ca 2 millionar m3 steinmasse kjem kanskje til å rase nedi Rovdefjorden, ein gong i framtida.

Tilkomst og parkering

Frå Myrvåg følg fv 61 skilta mot Larsnes, rett før Leikong kyrkje, ta av mot Voldnes og køyr ca 6 km. 250 m før snuplassen i enden av vegen er ein liten parkeringsplass og her startar turen. Skilt til Laupsnipa

Fottur
Blå
Lengde
2,16 km en vei
Stigning
541 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
562 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 2,2

Offentleg transport

Kart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut