English

Laupsnipa frå Drageskaret

Sande

Kort om turen

Laupsnipa frå Drageskaret er ein lang tur og flott tur. Kortaste ruta er 10 km ein veg, 20 km tur retur, men dei fleste som går turen brukar å ta med seg alle toppane dei passerar. Via Knottahornet, Svedehornet, Veten, Torsethornet og Vasshornet vert turen 12 km ein veg. Dvs. 22 km og 1100 høgdemeter tur retur dersom du tek kortaste rute tilbake. 

Ruteskildring

Turen startar ved parkeringsplassen på Drageskaret. Der er eit godt kart med rutebeskrivelse. Frå parkeringsplassen går du råsa opp Langhamrane, når du kjem opp på kanten deler råsa seg, lang tur til venstre om Knottahornet, kort tur til høgre, råsene møtast igjen før Svedehornet, då kan du gå til høgre opp på Svedehornet for lang tur eller rett fram for kort tur. Råsene møtest igjen etter Svedehornet og går nesten inn til Longevetevatnet, då går du til venstre direkte til Keipen for kort tur, til høgre om Veten og Torsethornet, derifrå til Keipen for lang tur. Frå Keipen går råsa vidare til Skylet, lang tur går til venstre ned til Kyrkjevegen og opp på Vasshornet og til Tempelskaret, kort tur går beint fram til Grønnakkskaret, her kan du ta ein avstikkar opp på Fyre før du går vidare ned til Slokevatnet og opp til Tempelskaret, frå Tempelskaret går råsa etter fjellryggen inn til Laupskeipen og vidare til Laupsnipa. Høgste punktet ligg ca 60 m vest for varden.

Tilkomst og parkering

Fv 61 på toppen av Drageskaret mellom Larsnes og Gursken, god parkeringsplass ved turstart.

Fottur
Svart
Lengde
21,77 km tur/retur
Stigning
1096 m
Tidsbruk
8 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
560 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 21,77

Offentleg transport

frammr.no

Anna

Dersom du går heilt ned på sørkanten mellom Laupskeipen og Laupsnipa vil du finne fleire plassar der fjellet stuper nesten rett i havet, der er også ei 40 m lang sprekke som viser at eit område er i bevegelse og ca 2 million m3 steinmasse kjem til å rause ned i Rovdefjorden ein gong i framtida.

Kart

Turkart Sande kommune, M711 1119 II og III, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut