English

Kystpilegrimsleia i Ålesund

Ålesund

Kort om turen

Kystpilegrimsleia i Ålesund startar ved turistinformasjonen i sentrum av byen og avsluttar ved det historiske museums- og friområde Borgundgavlen. Turen går via dei 418 trappetrinna til det velkjente utsiktspunktet Fjellstua, og vidare innover turveiane på byfjellet Aksla. Ruta er merka slik at ein kan gå turen begge vegar. 

Ruteskildring

Turen startar ved turistinformasjonen. Gå via Kongens gate og opp "tusentrappene" til byparken. Herfrå går turen opp dei 418 trappetrinna til Fjellstua. Følg så turveien vidare innover byfjellet Aksla, heile vegen til Fagerlia. Denne delen av turen går på grussti, med unntak av eit kortare parti på asfalt ved Kråmyra. Ved Fagerlia går ein gjennom eit byggefelt før ein kryssar Gøngstøvikvegen og inn på ny grusti som rundar rundt Øvre Gravlund. Følg så Lårsgårdsringen og ta til venstre i krysset ved Fagskulen i Ålesund. I krysset ved SPAR Larsgården tar ein til høgre og kryssar brua over Nørvasundet. Herfrå går ein via Middelaldremuseet og vidare til Nøkkelstaden; Borgund kirke.

Turen er ei vandring på 1,5 - 3 timar og gir godt utsyn over byen og området rundt. Langs grusstien er det fleire gapahukar og benkar som gir gode høve til rekreasjon og kvile. 

Tilkomst og parkering

På Skateflua i bysentrum ligg turistinformasjonen og her er også hurtigbåtterminal for både nordgåande (Giske, Valderøy og Nordøyane) og sørgåande (Hareid) hurtigbåtar. På turistinformasjonen kan ein få informasjon om pilegrimsleia.
Fottur
Blå
Lengde
6,69 km en vei
Stigning
141 m
Tidsbruk
1,5 - 3 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
141 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Det går buss frå Sunnmøre Museum og tilbake til bysentrum. For rutetider og billetkjøp, sjå: https://frammr.no/

Anna

Ålesund har to pilegrimsstadar: Middelaldermuseet og kyrkja i Borgundgavlen. Borgund har vore eit kyrkjeleg sentrum sidan 1000-talet, og i alt låg det 4 kyrkjer i kaupangen. Deler av Borgund kyrkje er bygd på ei av dei, Peterskyrkja. På Middelaldermuseet kan ein få innsikt i busetnad og liv frå tidsepoken då Borgundgavlen var ein viktig del av handel og kyrkjeliv på Vestlandet. I same område ligg Sunnmøre Museum, med bygningar, båtar og tradisjonsformidling som går mange hundre år tilbake.

Kart

Ålesund Norge-serien Turkart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut