English

Kvitneset (Kvitsteinen) frå Vaksvika

Ålesund

Kort om turen

Kort tur som passer for både små og store. Nedstigninga den siste biten kan gjere turen litt utfordrande for dei som er litt dårleg til beins.

Lokalt har turmålet også namnet Kvitsteinen.

Fin tur for fiske frå land.

Gjer vel og ikkje fyr opp bål eller eingongsgrill på svaberget. Svaberget vil sprekke opp av oppvarming og nedkjøling.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du motstrøms langs elva fram til brua. Kryss over og hald fram til høgre på stien her. Før ein kjem til nausta må ein ta stien til venstre, opp ei lita skråning. Her flatar det ut igjen og ein held denne høgda fram mot nausta. Dei passerer ein på si høgre hand. Hald fram vidare og stien vil etterkvart gå meir oppover i terrenget før den blir av meir flat karakter. Etterkvart vil ein kome til eit skilt som peikar i retning Kvitneset. Hald til høgre for skiltet så vil ein sjå stien som fører ein relativt bratt og litt ulendt ned til Kvitneset.

Tilkomst og parkering

Ta av frå Storfjordvegen ned Vaksvikvegen og hald fram ned til småbåthamna. Parker på oppstillingsplass ved elva. Ver obs på at ein køyrer gjennom gardstun på veg ned, så sakte fart.

Fottur
Grønn
Lengde
0,62 km en vei
Stigning
44 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
32 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,62

Offentleg transport

Mulig, men krever god planlegging fordi bussen ikkje går så ofte.
Køyreskildring
Print ut