English

Kvitneset

Hareid

Kort om turen

På turen til Kvitneset kan du oppleve høgreiste fjell, bårer som bryt, spanande historie og dei nydelegaste solnedgangar - det er Kvitneset oppsummert. Kvitneset ligg på den nordlege spissen av Hareidlandet i havgapet ved inngangsporten til Breisundet og Storfjorden.

 

Ruteskildring

Turen går frå sentrum i Brandal på relativt flat veg. I sentrum av Brandal startar turen på asfalt. Etter kvart blir vegen noko smalare og går over i grusdekke. Du kan fint trille med barnevogn heile vegen til Kvitneset.

 

Området er kjent frå andre verdskrig då tyskarane brukte det som kystfort frå 1941 og til krigen tok slutt. Då tyskarane kom til Brandal i 1941, tok dei seg inn i private heimar og brukte skulen i bygda til eit midlertidig hovudkvarter. På Kvitneset måtte lokalbefolkninga vere med på bygging av fortet og på det meste var arbeidsstyrken oppe i 140 mann. Det blei mellom anna bygd skytestillingar, fangeleir, kommandobunker, panservernstilling og ei rekkje tunellar og holer i berget for lagring av ammunisjon. I alt var det stasjonert 96 soldatar og 4 offiserar ved fortet då krigen tok slutt. Til vanleg var talet på russarfangar rundt 60, men på et tidspunkt var de opp i 120.

I dag er mesteparten av desse stillingane framleis synlege sjølv om noko er forfalt og overgrodd. Området blir i dag brukt som eit populært turområde og beiteområde for sauer. På Kvitneset kan du oppleve historie, natur, sjøluft, fantastiske solnedgongar og dei store bølgene frå ope hav på uvêrsdagar.

OBS! I området ved Kvitneset er der dyr på beite heile året, vi oppmodar difor sterkt om å ha hundar i band også utanom bandtvang-sesongen.

Tilkomst og parkering

Kvitneset ligg ca 6 kilometer frå Hareid. Parkering ved kaia i Brandal sentrum og turen går til fots derifrå.

Fottur
Grønn
Lengde
4 km tur/retur
Stigning
90 m
Tidsbruk
1 t. 30 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
26 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Kvitneset ligg cirka 6 kilometer frå Hareid sentrum.
Køyreskildring
Print ut