English

Kvilet frå grendahuset

Fjord

Kort om turen

Turen til Kvilet går langs den gamle fjellvegen til Gjerda, Hatlestad og Litleås. Kvilet er om lag halvvegs til Gjerda, og er, som namnet seier, ein kvilestad. Vegen har gjennom årtider vore ferdselsvegen til fjellgardane og Rellingsetra frå bygda, men den idylliske og godt stelte vegen blir no brukt mest til turgåing, av både unge og eldre.

Ruteskildring

Turen startar ved å gå gjennom ei grind like ved vegen. Turen føl deretter ein gamal, graskledd kjerreveg. Her er ingen vanskelige parti, men det er noko stigning. Underlaget er noko ujamt, så dersom ein er ustø til beins, kan eit par stavar vere til hjelp. Det er også fullt mogleg å sykle både opp og ned denne vegen, men ta omsyn til turgåarar og beitande dyr. I vinterhalvåret blir ikkje vegen brøytt, men det er sjeldan særlege mengder med snø nede i bygda, og det går fint an å trakke seg ei rås. Elles fint med bruk av truger. Fin utsikt til bygda det meste av vegen. Turmålet, Kvilet, ligg inne mellom nokre store graner, om lag 0,9km frå start, ved eitt par heller som er lagt ned som kvilebenk. Retur same veg, eller du kan velje mellom fleire rundturar. Om lag 150m lenger oppe enn Kvilet, tek det av ein kjerreveg til venstre ned og gjennom eit beite. Føl du denne vegen heilt nedatt til hovudvegen, passerer du fint kulturlandskap og eit grustak, før du kjem ned ved garden Dunavollen. Her kan du følgje bilvegen tilbake til grendahuset. Viss du vil kome høgare til fjells, kan du følgje den gamle fjellvegen heilt til garden Gjerda, og her kan du kome inn att på den asfalterte nye fjellvegen.  Der kan ein følgje bilvegen ned til bygda att. 

Tilkomst og parkering

Følg fylkesvegen innover langs fjorden frå Eidsdal til Norddal/Dalsbygda. Ta av på første veg til høgre oppover bygda, og køyr forbi Petrines Gjestgiveri. Følg skilting til Dalsbygda skule (gjennom eit gardstun). Ein kan parkere bilen ved Dalsbygda barnehage/grendahus (øvste plassen). Om lag 25 meter før parkeringsplassen finn ein ei grind ved sidan av bilvegen. Her startar turen.
Fottur
Grønn
Lengde
0,87 km en vei
Stigning
89 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
137 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,74

Offentleg transport

Skulebuss frå Eidsdal i skuleåret, kl. 14.00 frå Eidsdal fergekai.

Anna

Denne vegen er i seg sjølv eit kulturminne, då det er ein gammal ferdselsveg som har vore nytta i årtider. Murane som støttar opp vegen er på dei fleste stader heilt inntakte. Vegen er godt stelt då er her går beitedyr heile sommarsesongen, og vegen er elles godt helden ved like av grunneigarane.

Kart

Turkart Norddal kommune, 1:50 000, Opptur Geirangerfjorden; tur 3-14: Kulturvandring i Norddal
Køyreskildring
Print ut