English

Kvidalen og Forhaugstølen

Molde

Kort om turen

Fin og enkel tur langs traktorveg opp til ein gamal seterstøl i Kvidalen, den trange dalen mellom Skjorta og Goksøyra. På veg opp høyrer du bruset frå Kvidalselva og ser rett opp mot toppen av Skjorta.

Ruteskildring

Start ved inntaksdammen for vassverket ved Bjørbakkbrua. Følg traktorveg rett forbi huset ved inntaksdammen. Etter ein knapp kilometer kryssar du over brua og Kvidalselva, tek av til høgre og følger traktorvegen heilt til endes. Den går 3-4 svingar oppover.  No er du oppe ved Forhaustølen. Her er det 2 seterstøler øvst oppe. Eresfjord I.L. har også denne turen som ein av  12 turar i Fjelltrimmen.

Tilkomst og parkering

Frå fylkesvegen 192 på austsida i Eresfjord tar du av kommunevegen mot Gransetra. Følg denne ein liten kilometer oppover til ein stor parkeringsplass, rett før Bjørbakkbrua. Det er også noen parkeringsplasser ved inntaksdammen til vassverket, som du ser rett fram. Det er også her du starter turen. Følg traktorvegen framover.
Fottur
Grønn
Lengde
1,82 km en vei
Stigning
261 m
Tidsbruk
1 t. 35 mi
Sesong
Sommer, Høst

Løype på kart

Val for kartet:

Anna

Traktorvegen går heilt opp til stølen som heiter Forhaugstølen. Her har det vore 2 setrer. Du ser dei heilt øvst opp mot skogen. Pr 2021 er den eine prega av tidens tann. Den andre litt lenger opp til venstre er bygd opp igjen og er i tipp topp stand. Forhaugstølen er berre ein av fleire seterstølar i Kvidalen. Gammelkvidalen ligg heilt nede ved elva, lenger sør og inn i dalen. I dag er det berre dei gamle steinmurane som står att der. Det tredje området, Kvidalsstølen, kan du kome til når du går rett att frå Forhaugstølen. Ved den første skarpe svingen på veg ned, går du rett fram. Etter ca 100 meter kjem du til ei opning i skogen. Dette er Kvidalsstølen. Her var det fleire seterbuer, men det er berre 2 bygningar du ser i dag. Men du kan sjå gamle og delvis nedgrodde hustufter. Folket drog til setra med buskapen sin rundt St.hans. Tilsaman kan det ha vore buskap rundt 30-40 dyr i Kvidalen. Alle desse stølsområda var også slåttamark. Høyet vart tørka og lagt i utløer i området. Høyet vart køyrt ned om vinteren med hest og slede.

Kart

Norge-serien 10078
Køyreskildring
Print ut