English

Kvalsvikryggen

Herøy

Kort om turen

Turen over Kvalsvikryggen startar ved Golleneset, og går over fleire fjelltoppar fram til Muletua. Ein utsiktsfottur til øyene som ligg rundt, til Sunnmørsalpane og ut til Skorpa og Svinøy fyr.  Ein favoritt for lokalbefolkninga. 

Ruteskildring

Frå Golleneset går stien bratt opp til Okla 148 moh, vidare over Seideskaret til Måsefjellet 166 moh, via Trangeskaret til Børa 208 moh,  ned til Helleskardet og vidare til høgste punktet på Barmen 274 moh, og over Mulemyrane til Muletua 254 moh. 

På veg tilbake til Kvalsvik gamle skule kan du velge å gå ned til Mulevikveg mot Mulevika på merka sti, eller følge gammal traktorveg gjennom skogen ned mot bygda. 

Tilkomst og parkering

Følg fv 5880 til Nerlandsøy, og vidare utover til Kvalsvik. Her finn du turparkering ved Kvalsvik gamle skule. Skilta ved vegen. Følg vegen tilbake eit stykke, og ta av på Hamnevegen fram til enden, og følg merka sti inn mot Golleneset.
Fottur
Blå
Lengde
8,29 km rundtur
Stigning
448 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
276 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut