English

Kroketevatnet på Dyrkorn

Fjord

Kort om turen

Nytt turmål 2021, i storslått natur med fin utsikt. Start frå Gjerdsstølen og fyl sti oppover mot ei raud hytte, dei første meterane. Etter å ha passert denne på høgre side, er det godt merka med piler og band vidare. Delar av terrenget er noko myrlendt og vått, utan at det skal vere noko problem. Kodeplata er plassert på stor furu attmed vatnet.

Ruteskildring

Frå Gjerdsstølen går ein i retning nord (motsett veg i høve til Svartevatnet). I starten passerer ein ei raud hytte (gå på høgre side av denne). Det er ikkje opparbeidd sti vidare frå hytta, men fleire retningspiler og i tillegg merkeband skal gjere det greit å finne fram. I dette området ligg også Puskesætra og Pusken, der det i tidlegare tider har vore stølsdrift. Når ein kjem til vatnet, som altså har denne karakteristiske krokete forma, befinnn ein seg heilt i vestenden. Kodeplata er festa til ei stor furu, tett attmed vatnet.

Tilkomst og parkering

I vegkryss på Dyrkorn (Fv 650) tek du av og køyrer oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Øggarden. Der tek du til høgre og etter å ha køyrd 150 m til, kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen. Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.

Fottur
Grønn
Lengde
1,76 km tur/retur
Stigning
125 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
500 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Delvis

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Ingen sti 1,76

Offentleg transport

Ein kan sjølvsagt velje å ta buss til og frå Dyrkorn ( https://www.frammr.no/ ), men ver då obs på at dette vert ein vesentleg mykje lengre tur. Men då får ein til gjengjeld også endå bedre høve til å oppleve denne vakre bygda på nært hald. (det kan ein sjølvsagt gjere om ein vel å køyre dit sjølv)

Anna

På Dyrkorn finn ein m.a. unike kvelvingsbruer og ikkje minst bygningane knytt til Dyrkornanleggene, som er godt ivaretekne. Det er også ei unik utsikt, som berre blir betre og betre, etterkvart som ein beveger seg oppover frå fjordnivået. Anbefalast! Spesielt i periodar med mykje nedbør, kan det bli ganske vått i det partiet av turen der ein passerer myrlendt terreng.

Kart

Ørskogfjellet

Betalingsmiddel for bomvei

Kostar kr 30. Ta helst med kontantar, om ikkje kan ein vippse. Dårleg mobildekning gjer at ein kanskje må vippse i etterkant. Då er det evt berre å notere seg vippsnummeret. Pengane går sjølvsagt til å halde ved like vegen.
Køyreskildring
Print ut