English

Kråkenakken via Botnasætra

Volda

Kort om turen

Turen til Botnasætra går på ein skogsveg som svingar seg litt bratt opp frå Vassbotnen. Kråkenakken er ein lite avstikkar vidare frå der vegen stoppar, og her har du flott utsikt mot Rotevatnet og Volda sentrum.

Ruteskildring

Gå gjennom grinda og ta vegen som går svakt til høgre. Vegen slynger seg litt bratt opp til Botnasætra. Halvvegs er det fint å stoppe og ta ei drikkepause ved “Huldrekjelda” som kjem ut av ein stein. Det kan vere lurt å lade batteria her, for no ventar nokre bratte bakkar før det flatar ut mot slutten. Like før der vegen sluttar, kan du ta ein sti opp til høgre. Då kjem du opp til eit fint utsiktspunkt like ved Botnasætra. Botnasetra har ein fin setrevoll og det er fin utsikt mot Volda. 

Gå til enden av skogsvegen og følg merka rute til Kråkenakken. Her er det flott utsikt mot Volda sentrum! Stien til Kråkenakken kan vere utydeleg nokre stadar, men følg dei raude merka i trea så finn du vegen.

Tilkomst og parkering

Turen startar i Vassbotnen, i austenden av Rotevatnet. Frå Volda sentrum følger du E39 mot Stryn. I rundkøyringa ved høgskulen/Kiwi følger du skilting mot Vikebygda på Vikebygdvegen. Ta av mot Vassbotnen og Golfbane etter knapt 2 km. Køyr forbi parkeringsplassen til golfbana og ta første veg opp til venstre, gursveg langs golfbana. Parkering til 4-5 bilar ved grinda. Du kan også parkere ved badeplassen Botnasanden, 3-400 m forbi turtavla/skilta.

Fottur
Blå
Lengde
3,29 km en vei
Stigning
457 m
Tidsbruk
2 t. 50 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
518 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 3
Sti 0,47

Offentleg transport

Det er fint å sykle til start.

Anna

Kråkenakken var ein av mange hoppbakkar som fanst rundt om i Volda

Kart

Nærturkart for Volda sentrum. Kan kjøpast hos Intersport og Norli bokhandel i Volda
Køyreskildring
Print ut