English

Kornbergveten frå Nautvika

Volda

Kort om turen

Den vanlegaste ruta til Kornbergveten startar på Folkestadsætra og følger ryggen utover, forbi Galten og vidare til veten. Ruta som er omtala her, startar på Dalsfjordsida, i Nautvika. Det er ei kortare og brattare rute som ikkje er like vanleg som den andre, men som også er svært fin. 

Ruteskildring

Følg skogsvegen opp til setra Gamlegjerdet, ca 1,5 km. Her er det eit par hytter og ei til på gang. Stopp litt her og få med deg den flotte utsikta inn Dalsfjorden. Frå Gamlegjerdet er det sti vidare til topps. Den er litt svak, men er likevel grei å finne. Du kan sjå nokre merke som heng i trea og malte flekkar på steinar. På toppen er det flott utsikt! Treng du ly, kan du gå inn i hytta like nedanfor toppen. Hugså late att vindu og dører etter deg. Same rute ned att. 

Tilkomst og parkering

Frå Folkestad følger du Dalsfjordvegen (fv 5890) om lag 6 km til du kjem til eit lite nes der vegen deler seg. Det er plass til 2-3 bilar på nedsida av vegen. Skogsvegen ser du på andre sida av vegen.
Fottur
Blå
Lengde
5,46 km tur/retur
Stigning
514 m
Tidsbruk
2 t t/r
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
576 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut