English

Kongsvollen via Bukketrappene

Hareid

Kort om turen

Turen er kanskje Hareidlandet sin mest spektakulere. Her får du panoramautsikt mot Sunnmørsalpane, Vartdalsfjorden, Breisundet og heile kommunen.

Ruteskildring

Fra Holesanden tek du til venstre, opp langs asfaltert veg til du kjem til krysset, og her tar du av mot venstre på grusveg. På venstre side har du gamle Snipsøyr skule, som i si tid var eit staseleg og viktig bygg. Du går gjennom eit par gardstun, og så går resten av turen på skogsveg. Her er det skilta med turar til Ulsettua, Korshamna, Kvamstua og Blåtinden. Du finn sittebenkar langs vegen og gode rastemuligheiter, sitteplassar og leirplass når du kjem fram. Turen går i variert lauvskog, med stor planterikdom, og oppe på Alskleiva er det flott utsikt mot fjorden og Vartdalsfjella i søraust, og Snipsøyrvatnet og Hareidsdalen mot nord. Vidare går turen mot Kvamstua i litt ulendt og utydelig rås. Når du kjem til Kvamstua vert råsa med ein gong mykje betre. Den vel 2 km lange fjellryggen frå Kvamstua mot Kongsvollen (683) er lett kupert i starten før den blir brattere dei siste 100 høgdemetrane, heile tida på god sti. Stien opp her heiter Bukketrappene. Det er knapt behov for å bruke hendene på denne fjellryggen, men kan opplevast som noko luftig i øvre del.

Tilkomst og parkering

Turen startar ved parkeringsplassen framme på Holesanden. Ingen parkeringsavgift.

Fottur
Rød
Lengde
5,4 km en vei
Stigning
719 m
Tidsbruk
4 t. 35 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
682 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut