English

Kongsviksetra og Svorasetra

Volda

Kort om turen

Ein flott setretur i Hornindal kommune. 

Ruteskildring

Utgangspunktet er ved hyttefeltet i Kjøs. Der er det parkeringsmuligheiter. Ein går den Tronhjemske postveien første del av turen. Etter at ein har passert garden Kongsvik, på venstre hand, går ein ca 200 m og tek så til høgre inn på ein skogsveg. Her blir terrenget brattare, men fint og ryddig. Etterkvart tek ein inn på rås. Der er godt merka, da dette er ein del av trassen til fjell-løpet Hornindal Rundt. Fra parkeringsplassen og til setra er det ca 3 km ein vei.

Alternativ rute er frå Skavika.Turen går først på den Trondhjemske postvei i om lag 1,6 km. Like etter Kjøsahalsen tek du av på ein eldre skogsveg opp til venstre. Det er skilta. Her går det nokså bratt oppover til Kongsviksætra og Svorasætra i omlag 400 m høgde. 

Tilkomst og parkering

Her er det to alternativ: Ta av fra Rv 15 ved Øyebakken og køyr mot Kjøs eller ta av fra Rv 60 ved Kjøs bru og køyr på nordsida av vatnet. Parker ved hyttefeltet. Frå Volda: Køyr E39 mot Stryn. Om lag 1 km etter Grodås sentrum og like etter at du har komt inn i 80-sona, tek du av til venstre. Her er ein parkeringsplass og turskilt som viser veg. Ta det litt med ro, for startpunktet kan kome litt raskt på deg
Fottur
Blå
Lengde
3,26 km en vei
Stigning
395 m
Tidsbruk
2 t. 40 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
424 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut