English

Rundtur Klepp - Ring - Vardehornet

Volda

Kort om turen

Tettstaden Volda er omgitt av eit stort nettverk av stiar, der ein kan velge og vrake i turar. Denne turen er ein rundtur med start og slutt øvst i Kleppevegen. Den går i variert terreng og går innom to populære turmål: Ring og Vardehornet. 

Ruteskildring

Ta av frå Kleppevegen opp Kleppetunvegen. Følg denne i knapt 50 m og ta sti opp til høgre. Følg skilt til Ring. Når du kjem til ei elv, etter ca 400 m, følger du skilting til Ring via Skaret. Du følger tydeleg sti heilt til du møter den andre stien ved Ekslihaugen. Du kan velge om du følger stien langs elva, eller om du kryssar elva og følger stien der. I lengde er det hipp som happ kva du velger. I denne turomtalen har vi tatt stien der du kryssar elva.

Ring er ein stor stein. Her er det flott utsikt og fint å ta ei pause. Frå Ring følger du skilt mot Vardehornet. Stien går på ryggen bortover mot Niven, dreiar til høgre på enden av ryggen og går over til Lomtjønna. Herifrå følger du stien til Vardehornet. Litt våte område nede i dalen før du startar på stigninga til Vardehornet. Flott utsikt frå Vardehornet! Vidare følger du stien i retning Solhøgda. Etter eit hogstfelt kjem du ned til ein eldre skogsveg. Ta til høgre og følg skogsvegen til endes, så eit kort stykke på sti (følg raude merke i trea) til du kjem til skilt som viser retning mot Klepp og Grinda. Stien er tydeleg vidare ned gjennom skogen. Følg den til du kjem til skilt som viser til Grinda (gapahuk) og Kleppevegen. Denne ruta legg turen innom gapahuken Grinda, og vidare herifrå til Kleppevegen der turen starta. Stien frå Grinda til Kleppevegen går bak Grinda.

Tilkomst og parkering

Start øvst i Kleppevegen/Kleppetunvegen. Kjem du køyrande til Volda, kan du følge denne ruta: Like ved fergekaia tek du opp Storgata. Følg denne til du kjem til ei rundkøyring. Ta til venstre opp Engesetvegen, og ta så av til venstre når du kjem til Kleppevegen. Følg den til du kjem til ei ballbane, ved Kleppevegen 73. Her kan du parkere. Gå litt tilbake og opp Kleppetunvegen, der stien startar

Fottur
Blå
Lengde
7,67 km rundtur
Stigning
523 m
Tidsbruk
3 t. 15 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
595 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,68
Sti 7

Offentleg transport

Ein kan gå eller sykle til start frå dei fleste plassar i Volda.

Kart

Nærturkart Volda - kan kjøpast lokalt (Intersport og Norli), og norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut