English

Klepp - Ring - Nivskollen - Klepp

Volda

Kort om turen

Fin rundtur bak bebyggelsen på Engeset/Klepp. Her er det eit mangfald av stiar. På denne ruta er du innom to flotte utsiktspunkt: Ring (511 moh.) og Nivskollen. 

Ruteskildring

Frå turtavla følger grusvegen ca 150 m. Her svingar grusvegen til høgre, men du skal gå rett fram på sti og følg denne vidare. Ruta er skilta og merka heilt opp til Ring. På Ring er det fint å stoppe litt og nyte utsikta. Frå Ring følger du sti utover mot Nivskollen. Flott utsikt når du går utover her. Ute ved ein varde er det benk, grill og fin utsikt, så ta gjerne ein stopp her også. Følg stien vidare. Etter ei lita stund kjem du til ei hytte i skogen. Det er faktisk ei innebygd campingvogn! Stien går litt bratt nedover etter hytta, før du kjem ned på ein eldre skogsveg. Ta til høgre når du kjem ned til skogsvegen og følg den til du kjem til eit skogsveg"kryss". Ta av til venstre til Klepp; det er skilta. No går det skogsvegar og sti tilbake til Klepp. Likar du å plukke sopp, kan du leite etter det her. Etter litt over 1 km, kjem du til ein grusveg, som du følger vidare i ca 500m. Ta så til venstre og følg den private vegen tilbake til Kleppetunvegen og Kleppevegen, og så vidare til turstart.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum: Ta av frå E39 like aust for fergekaia. Følg Storgata til ei rundkøyring, ta av i tredje avkøyring (Engesetvegen), følg Engesetvegen ca 500 m, ta av på Kleppevegen og følg denne i knapt 1,5 km til du kjem til ein leikeplass. Turen startar på grusveg ved ei turtavle ved Kleppevegen 73.
Fottur
Blå
Lengde
6,13 km rundtur
Stigning
411 m
Tidsbruk
2 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
511 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,2
Sti 5,9

Offentleg transport

Starten på turen kan nåast også til fots eller på sykkel

Anna

Dette er ein av mange rundturar du kan gå i området. Her er eit nettverk av stiar, så du kan lage din eigen rundtur om du vil det. Sjekk gjerne turtavla ved start for tips

Kart

Nærturkart Volda, norgeskart.no
Køyreskildring
Print ut