English

Klepp - Klatrevegen/Dalen.

Volda

Kort om turen

Denne turen går frå vest (Klepp) til aust (Klatrevegen/Dalen) på god sti på nordsida av Volda sentrum, og høver for dei fleste.

Ruteskildring

Turen startar frå p-plassen i Kleppevegen (175 moh) Her finn de også informasjonstavle om ulike turar i området. Denne turen går på oppbarbeidd turveg til Kometland, og deretter på god sti vidare mot Kleppesætra. På sætervollen kjem de til ei av dei gamle stimerka, og her skal de ta stien til venstre; mot Tverrberget. Etter omlag 400 m. kjem de inn på stien frå Gildrehammaren, og de følgjer denne vidare mot Tverrberget til høgre. Tverrberget er ingen høg topp (ca. 420 moh), men har likevel ein fin varde og godt utsyn i alle himmelretningar. De følgjer stien vidare austover, og passerer Lomtjørna. Her kjem de til eit stiskille, og de skal då følgje stien til venstre, mot Niven/Ring. Oppe på Niven-platået (560 moh) tek de til høgre og følgjer merka sti nedover mot Os-/Presteskaret. Etter omlag 200 m tek de av frå den merka stien og går til til høgre, og ved nytt stiskille, der det er skilta, følgjer de stien mot Vardehornet, turen sitt høgste punkt på 595 moh. Herifrå vidare austover mot Dinglavatnet og Turnhytta, der det høver med ei god matykt. Frå Turnytta følgjer de merka sti til Dunderhoff (498 moh). Her finn de eit skilt med tydinga av namnet "Dunderhoff". Herifrå på merka sti aust- og nedover mot Bergsskaret, og derifrå vidare nedover mot Klatrevegen/Dalen (240 moh). Like før endepunktet passerer stien den nye sykkeløypa til Bratt sykkelklubb, så sjå dykk til høgre før de kryssar løypa!

Tilkomst og parkering

Gratis parkering for 10-12 bilar ved startpunktet på Klepp, og det same ved endepunkt i Klatrevegen/Dalen.
Fottur
Blå
Lengde
7,88 km rundtur
Stigning
548 m
Tidsbruk
3 t. 20 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
598 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus 0,4
Sti 7,5

Offentleg transport

Ringrute til krysset Engesetvegen/Kleppevegen, deretter følgjer de Kleppevegen til startpunktet. Om de vil gå motsatt veg tek de ringruta til busstoppen i krysset Bjørnevegen/gangveg Bratteberg og følgjer denne til Klatrevegen/Dalen

Anna

Astronomisenteret Kometland er verd eit besøk, sjå https://www.kometland.org

Kart

Sunnmørsalpane og Nærturkart Volda
Køyreskildring
Print ut