Turen til Kleiva har slak stigning heile vegen, med noko meir stigning på slutten. Turen er kort og lettgått på fin turveg, og passar difor ypperleg på ettermiddag eller som søndagstur med dei minste. Framme ved posten er det ein flott og ny gapahuk!
På vinterstid når det er snø vil det ikkje vere mogleg å køyre til merka startpunkt på Sandnessætra. Turen vil difor verte omlag 2.5 km lengre kvar veg om ein går frå gamlevegen på Eidså.
Frå turparkeringa på Sandnessætra er dette ein lettgått tur for alle aldrar, også små føtter. Det er god turveg heile vegen som er fin å gå. Det er slak stigning frå parkeringa og fram til turmålet. Her får du fin utsikt over Kvandalen og Golida. Turen til Kleiva er eit flott utgangspunkt for fleire turar i området.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,33 |