Kleiva ligg oppi lia rett ovafor Skei i Surnadal. Tek ein vegen opp dei bratte bakkane, får ein som belønning eit flott utsyn over sentrum i bygda. Her på Kleiva budde i si tid bygdediktaren Hans Hyldbakk, og bygningane på plassen er i dag ein del av Nordmørsmusea. Det er muleg å ta ein pust i bakken under tak når du er ved turmålet.
Viss du startar ved Surnadal kulturhus, går du over fotgjengarfeltet mot Coop Mega og skrår til høgre over parkeringsplassen du kjem inn på. Gå til venstre inn på vegen som går forbi Coop og ned mot Leitet. Rett etter å ha passert Coop tek du av inn på ein sideveg som skrår seg opp på øversida av vegen. Denne går inn under riksvegen like ved krysset og går parallelt med riksvegen nokre meter før den svingar seg oppover lia. Etter ca 1 km kjem du til ein krapp venstresving. Kleiva ligg i innersvingen her, og vegen ned til husa går ned i øverkant av svingen.
Det er to store parkeringsplassar rett utanfor Coop Mega på Skei. Den som ligg nærast butikken, er reservert kundane deira. Den som ligg utanfor denne, nærare Kulturhuset, er derimot open for alle.
| Underlag | Lengde i km |
|---|---|
| Asfalt | 0,6 |
Du kan gå til Kleiva heile året når føret tillet det. I vinterhalvåret er vegen ubrøyta, og det kan tidvis vera glatt oppetter. Bruk broddar ved isete underlag!