English

Kjellingsetbruene

Sula

Kort om turen

En relativt kort og enkel tur på fin sti langs sjøen. Fin utsikt ut Breisundet og over til Hessa.

Ruteskildring

Når du parkerer på parkeringsplassen i Sandvika så går du forbi bommen som sperrar vegen vidare, og går gjennom grinda til høgre, ned mot sjøen. Følg tilrettelagt sti til du kjem til ei bru, rett nedom Kjellingset. 

Oppe på Kjellingset, som er et platå, er det flott utsikt over mot Hessa og Sukkertoppen, innover mot Sandvika/Langevågen og Langevågs holmane og ikkje minst utover Breisundet. Oppe på platået er det flott å sitte og nyte fineværet, her er det mogleg å grille, og telte. Det er også kort veg ned til rullesteinsfjøra og i elva som renn forbi er det fint å jakte på små fisk.

 

Tilkomst og parkering

Køyr gjennom Langevåg sentrum og følg vegen helt til endes i Sandvika. Ved bommen omlag 100 meter etter grusvegen har starta, er det parkeringsplass.

Fottur
Grønn
Lengde
0,93 km tur/retur
Stigning
16 m
Tidsbruk
20 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
25 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 0,93

Offentleg transport

Ja, men da må man gå fra Langevåg sentrum og ut til Sandvika. Omlag 2 km på asfaltert veg

Anna

Kjellingset er ein del av eit større kulturlandskap og ligg vest forbi Langevåg i Sula kommune i Møre og Romsdal. Kjellingset ligg på ein terrasse, ein gamal sjøbotn i landskapet. Kjellingset har spor av busetnader heilt frå folkevandringstida og til fram til rundt 1780. Det er gjort gravfunn frå eldre jernalder og ein kniv frå yngre jernalder. Dei eldste nedskrivne opplysningane om gardsdrift er frå 1603. Det er spor av fleire tufter i området, blant anna eit kvernhus borte ved elva.

Køyreskildring
Print ut