English

Kjerringa (Lauvstad)

Volda

Kort om turen

Fjellet Kjerringa ligg mellom Snøhornet og Sandfjellet. Fin utsikt i alle retninger mot havet, øyane og fjella. Fleire små varder på toppen. Ein kan også gå over Kjerringa, då er det best å gå frå Sundnesskaret, dette er også ein flott tur med litt klyving.

Ruteskildring

Turen starter frå Ulvestadsætra 290 moh. Merka rås frå sætra og framover.etter ca 1,4 km  deler råsa seg og ein held til venstre. Vidare går turen opp Hellevassbakken, ein kan sjå Hellevatnet til høgre. Der er det murer etter ei hytte som vart teken av ras for mange år sidan. Deretter kjem ein til Varane, der det er turbok, og ein tek råsa til høgre oppover mot Kjerringa

Tilkomst og parkering

Frå Lauvstad ferjekai, ta til høgre i krysset og køyr fv 652, ta av ved Lauvstad barnehage, følg Haugevegen, deretter skilt  Ulvestadsætra. Vegen mot Ulvestadsætra er bomveg. Nesten framme ved sætra god p-plass

Fottur
Rød
Lengde
3,36 km en vei
Stigning
669 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
928 moh
Merking
Merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Betalingsmiddel for bomvei

Vips/Kontanter, 50 kr
Køyreskildring
Print ut