English

Kilstisætra på ski

Fjord

Kort om turen

Turen til Kilstisætra er ein forholdsvis lett og familievenleg tur. Turmålet ligg inne i området som har verdsarvstatus (Vestnorsk fjordlandskap) - Unesco si verdsarvliste frå 2005. På setra er det fine bakkar å ake eller renne i, så her er godt eigna for ein rast. Merk at sela er i privat eige og ein del i bruk, så unngå å raste på «dørtrammen».

Ruteskildring

Frå parkeringa på Gjerdeneset følgjer du turpilene som peikar veg opp bakken ovanfor parkeringsplassen. Her får du den mest krevjande bakken på turen. Gå oppover kring 240 meter, godt til side for elvegjelet på høgre hand (nord). Når skråninga mot elva slaknar litt av, svingar du nordvestover og kryssar elva på ei bru, eller ovanfor brua, der terrenget er mykje flatare. Sving meir mot nord og rund over Nausthaugen før du passerer eit naust i ei lita vik. Her vil du passere ein ny skiltstolpe som peikar mot Kilstisætra. Hald fram mot nord/svakt nordvest, over ein liten kolle, på austsida av Kilstivatnet. På sommarstid går råsa i kanten av vatnet her, men vinterruta held ligg høgare/lenger mot nordaust på myra, og rundar på austsida av kolle 575, før du får ein liten unnabakke ned eit lite søkk. No ser du setra og sela mot vest/nordvest, og går det siste stykket i nesten flatt terreng.

Det kan ofte vere mogleg å gå også «sommarruta» til Kilstisætra, men av og til kan det vere litt bratt å passere Bjørnhammaren. Særleg for born som ikkje er så skivande, kan det kjennest litt utrygt med bratt skråning mot vatnet nett her.

Isen legg seg ofte tidleg på Kilstivatnet, og her kan gjerne vere flott skeiseis i november-desember. Seinare på vinteren er det ofte trygt å gå over isen (når han er snølagt), og mange vel denne direkte ruta. Her må ein uansett gjere vurderingar sjølv, om dette er forsvarleg.

Det kan nemnast at turen til Kilstisetra er fyrste etappe på toppturen til Grjotet, viss ein vel å gå ruta via Kilstiheia. Ønsker ein ein kortare topptur, kan Blåhornet (aust for Kilstisætra) vere eit godt alternativ. Vel i så fall oppgangen via ryggen søraust for toppen. 

Tilkomst og parkering

Omlag 6 km frå ferjekaia i Eidsdal, på veg mot Geiranger, svingar du av ved skilting mot Rønneberg/Kilsti. Følg kommunevegen knapt 4 km, og parker på Gjerdeneset, parkeringsplass nokre hundre meter før du kjem til gardane på Kilsti. Her vil du sjå ein tydeleg skiltstolpe med turpiler (gradering for fotturar). Her er også ei informasjonstavle (fotturar-sommar), men ho kan stundom vere nedesnøa. På sommarstid er her plass til 15-20 bilar. Vinteren kan det variere noko meir, alt etter brøyting.

Skitur
Grønn Fjell
Lengde
2,02 km en vei
Stigning
98 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vinter
Høyeste punkt
565 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

I realiteten er det vanskeleg å komme seg hit med offentleg transport. Det går kun skuleskyss ut til Kilsti i Eidsdal.

Kart

Norgesserien 1:50.000: Tafjord 10071, Turkart for Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut