English

Kilstimarkene rundt, Eidsdal

Fjord

Kort om turen

Dette er ein rundtur i eit svært vakkert kulturlandskap der du kan gå innom to sæterstølar og heile seks gamle, nedlagde fjordgardar. Heile området ligg inne i Unesco verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Særprega landskap på Flåna med gammal furuskog.

Ruteskildring

Turen startar på p-plassen på Kilsti (Gjerdeneset). Du følgjer merka og skilta sti oppover eit myrdrag og inn i open bjørkeskog, før du kryssar ei bru og går siste biten opp til Kilstivatnet. Vidare på god rås rundt vatnet på austsida. Det er omlag 2 km å gå inn til Kilstisætra.Frå setra går råsa bratt oppover mot Kilstiheia, der fyrste stykket i bjørkeskog, men straks du kjem ut av skogen, får du framifrå utsyn!

Turen går vidare over Kilstiheia. Merk at stien svingar av brått mot høgre litt etter høgste punktet på heia. Vidare følgjer du ein rygg nedover mot Verpesdalssætra. Råsa går beint nedover seterstølen i retning mot fjorden, men kan vere litt vanskeleg å finne når det er mykje gras på setervollen. Sjå etter merke og turstikker/pålar. I skogkanten finn du att råsa, og etter nokre hundre meter, kjem du til eit stidele. Her kan du velje ruta ned til Skrenakken. Dette vert ein avstikkar der du må gå ned og oppatt same vegen. Det er omlag 1 kilometer ned til garden, og du kryssar elva frå Kilstiheia på god bru før du går det siste stykket ned til tunet. Når du fyrst kjem hit, bør du òg ta ein tur nedom Storenibba, ei fjelltinge som stikk ut høgt over fjorden - ca. 500 m. nedanfor garden

Frå Skrenakken går du oppatt til det nedste råsdele der det er skilta mot Verpsedalen (og attende over Kilstiheia til Kilsti). Du vel råsa mot Verpesdalen og går over eit myrdrag før du følgjer råsa vidare bratt ned lia mot Verpesdalen. Om du vil ha med deg det nedste tunet, må du vere merksam på råsa som svingar av til venstre og ned til denne garden. Viss ikkje følgjer du hovudråsa beint fram. Ho kjem att ved den miderste garden i Verpesdalen.

Frå nedstegarden går råsa opp til øvstegarden. Her svingar du av opp lia mot vest og går bratt opp til Flåna. Vidare over vakre myrdrag og opp langs ein rygg til foten av Blåhornet. Kortaste vegen til bilen er no å runde rundt Blåhornet. Vil du ha med deg øvste og nedste Ospahjellen, tek du av på rås mot fjorden. Sjå eiga turskildring.

 

Tilkomst og parkering

Følg hovudvegen i ca. 6 km til skilting mot Rønneberg/Kilsti. Her tek du av på kommunenvegen og følgjer den i 3,9 km til p-plass på Kilsti (Gjerdeneset)
Fottur
Rød
Lengde
20 km rundtur
Stigning
1375 m
Tidsbruk
6-8 t.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer
Høyeste punkt
845 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 20

Offentleg transport

Det går få rutebussar mellom Eidsdal og Geiranger, og ut til Kilsti går det berre skulebuss på skuledagar. Vanskeleg å basere seg på offentleg transport.

Anna

Runden er uvanleg rik på kulturopplevingar med heile seks gamle fjordgardar og to seterstølar. Stor variasjon i landskapsformer og terreng undervegs: Verpesdalen er spesiell - som ein fullendt hengande dal over fjorden. Flåna er særprega med myrtjønner og gammal furuskog, spesielt for dette området. MERK: Tal kilometer er rekna for heile turen, inkl. avstikkarane til Skrenakken og begge gardane på Ospahjellen.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut