English

Kilstiheia

Fjord

Kort om turen

Turen til Kilstiheia byr både på eit svært vakkert kulturlandskap og makelaus utsikt over Storfjorden. I tillegg går heile turen inne i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Kilstisetra er rekna som ei av dei vakraste setrane på Sunnmøre.

Ruteskildring

Turen startar på p-plassen på Kilsti (Gjerdeneset). Følg skilta og merka sti direkte opp frå parkeringa over eit myrdrag og opp i spreidd bjørkeskog. Du kryssar over elva frå vatnet på god bru og held fram opp til vatnet langs elva. Råsa tek deg vidare rundt austsida av vatnet og inn til Kilstisetra. Hit er det 2 km i lettgått terreng. 

Frå setra er det bratt stigning oppover til heia. Råsa er god og tydeleg og går fyrste delen i bjørkeskog, før du kjem over skoggrensa på siste del av stigninga. På kring 830-meters høgde vet stigninga slakkare, og du går bakover heia mot nordvest. Turposten ligg heilt nord på heia, like før du startar på nedstigninga til Verpesdalssætra og Skrednakken.

Merk at du kan kombinere denne turen med ein heil rundtur, sjå omtalen av "Kilstimarkene rundt".

Tilkomst og parkering

Du fylgjer fylkesveg 63 frå Eidsdal sentrum opp til krysset mot Rønneberg/Kilsti, omlag 6 km. Her tek du av og følgjer kommunevegen til p-plass på Kilsti. P-plassen ligg 3,9 km frå vegdele frå hovudvegen. God p-plass med plass til å parkere 15-20 bilar.
Fottur
Blå
Lengde
4 km en vei
Stigning
412 m
Tidsbruk
1,5 t. ein
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
866 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 4

Offentleg transport

Det er vanskeleg å satse på offentleg transport då det går svært frå bussar mellom Eidsdal og Geiranger. Skulebuss til Kilsti dei dagane det er skule.

Anna

Kilstisetra er rekna som ei av dei vakraste setrane på Sunnmøre. Heile turen går i Unesco verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap som står på verdsarvlista på grunn av sjølve fjordlandskapet med eit breitt spekter av landskapsformer. I tillegg er dette eit av dei vakraste fjordlandskapa på kloden. Flott usikt over Storfjorden og dei nærmast liggande bygdene frå Kilstiheia.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000
Køyreskildring
Print ut