English

Kiberget

Ulstein

Kort om turen

Turen til Kiberget er ein kort og fin tur, der ein frå toppen har flott utsikt innover mot Sunnmørsalpane og utover mot skjergarden i Ulstein. Ein fin ettermiddagstur der ein kan nyte dei siste solstrålane i haust- og vintermånadane.

Ruteskildring

Stikk ut-skilt er plassert ved det vesle skogholtet ved parkeringsplassen, og du tek til høgre når du har gått gjennom her. Følg vegen til den blir kryssa av ein grusveg. Her finn du Stikk-ut pil og kart over turområdet. Ta til venstre og følg grusvegen vidare oppover. Du passerer eit pumpehus og grusvegen fortset nokså flatt før stigninga begynner i det vegen svingar seg oppover. I den andre svingen finn du skilt mot Kiberget til høgre, og her tek du av frå grusvegen. Stien kan vere litt våt og er ikkje så godt merka, men det er tydeleg å sjå kvar du skal gå. Når du kjem opp på høgda finn du eit nytt skilt som viser vegen til Kiberget. Her ifrå går ein meir på berg og stien er tørrare. Turboksen er plassert like ved stien på det høgste punktet. Det er også fint å følge stien vidare bort til Nevstadnipa og trea, eller "indianarane" eller "kamelkaravanen", som dei lokale på øya kallar det.

 

Om ønskjeleg kan ein også kome til Kiberget ved å følge grusvegen til turposten Breifjellet/Vikeskaret som også er omtala på morotur som "Breifjellet frå Hovset". Her ifrå er det også skilta mot Kiberget. Ein kan også velje å gå denne ruta tilbake, for å få ein rundtur. Ein følgjer då skiltet som viser "Bugarden" på veg nedatt frå Kiberget.

Tilkomst og parkering

I enden av vegen som heiter Årskogssteinen finn du ein stor parkeringsplass og turen startar her.
Fottur
Grønn
Lengde
2,79 km en vei
Stigning
267 m
Tidsbruk
2 t. 5 min
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
428 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut