English

Kavlvegen (frå Galtmettet)

Surnadal

Kort om turen

Kavlvegen kultursti på Eidet har vorte eit populært turmål for alle, ung eller gammal, gåande, springande og trillande. Brukar du rullestol eller har ei funksjonsnedsetting, viser denne turbeskrivinga korleis du kan koma deg inn på den populære turstien. Frå parkeringsplassen er det berre 0,7 km til kvilebua ved Lomtjønna og idyllen som ventar deg der.

Ruteskildring

Kavlvegen (trebruene) som fører deg fram til turmålet, møter deg allereie ved parkeringsplassen. Trebruene du går eller trillar etter derifrå, er universelt utforma,  og passar godt for alle, også dei som til vanleg har vanskeleg for å ta seg fram i terrenget. Det er to mulege ruter å følgje fram til kvilebua slik at turen delvis kan gåast som ein rundtur. Langs heile ruta er det møte- og rasteplassar. Det stykket av stien som er kopi av den gamle kavlvegen, er dessverre ikkje eigna for rullestol. Det er derimot godt muleg å sjå denne også frå den universelt utforma stien. Frå kvilebua er det muleg å fortsette etter grussti i retning Åsen. Denne delen av kulturstien er ikkje universelt utforma, men mange vil nok likevel kunne følgje den i alle fall eit stykke og få ein rundtur på myra nærast Åsen. Også etter grusstien mellom kvilebua og Åsen er det tett mellom rasteplassane.

Tilkomst og parkering

Startpunktet for turen ligg ved fylkesveg 670, ca 3 km i retning Kvanne frå krysset på Skei. Parker på tilvist parkering. 

Fottur
Grønn
Lengde
1,35 km rundtur
Stigning
13 m
Tidsbruk
25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
146 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Kavlvegen kultursti har eiga facebookside. Sjå meir om stien der! Sjå gjerne også turbeskrivinga «Kavlvegen (frå Åsen)».

Køyreskildring
Print ut