English

Kavlvegen (frå Åsen)

Surnadal

Kort om turen

Kavlvegen kultursti er turstien som passar for alle og skapar begeistring i alle aldersgrupper. Turmålet, kvilebua ved Lomtjønna, er som eit postkortmotiv du stadig må vende tilbake til!  Å få gå på sjølve kavlvegen, stiar av tre som flyt oppå myra, er også stort. For dei minste barna er kanskje det å få sykle i veg i trygge omgivelsar etter grusstien det gauaste. Sjå turbeskrivinga «Kavlvegen (frå Galtmettet)» viss du brukar rullestol eller har ei funksjonsnedsetting.

Ruteskildring

Parker på skilta parkeringsplass ved Åsen bygdemuseum. Turstien startar på nersida av vegen ved parkeringsplassen. Her går du først etter ein landbruksveg, før du kjem opp på ein smalare, grusa tursti. Ganske fort deler denne stien seg. Desse vegane møtest igjen etter eit lite stykke, og gjer at denne delen av løypa kan gåast som ein rundtur. Følj turstien vidare fram til kvilebua ved Lomtjønna, ca. 1,3 km frå der du parkerte. Herifrå kan du gå vidare inn på den delen av turstien som er treveg (kavlveg). Her kan du prøvegå ein rekonstruksjon av den gamle trevegen som ligg gøymt i myra her, eller gå ei sløyfe på «moderne», universelt utforma kavlveg.

Tilkomst og parkering

Køyr ca. 4 km frå Skei i retning Kvanne. Her svingar du til venstre og tek inn på Østbødalsvegen. Køyr i ca. 450 m, og parker på høgre side av vegen ved Åsen bygdemuseum.

Fottur
Grønn
Lengde
2,82 km rundtur
Stigning
62 m
Tidsbruk
55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
146 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Anna

Kavlvegen kultursti er etablert akkurat der den ligg fordi ein nesten 1000 år gammel kavlveg går over myra her. Eit stykke av den nye stien er ein rekonstruksjon av den originale trestien som ligg i myra.

Køyreskildring
Print ut