English

Karistova i Åhaugen

Vanylven

Kort om turen

Turen til Karistova har jamn stigning, men er kort. Den passar difor godt som ein luftetur ein ettermiddag eller søndagstur med dei minste, kanskje som eit stopp på veg til Peridottplassen i Sundalen? 

Ruteskildring

Frå turparkeringa startar turen på motsett side av vegen. Turen går på grus med jamn stigning heile vegen. Slutten av vegen har litt mindre grus, men du går på hardt og fint underlag heile vegen. Framme ved turmålet finn du ei gammal stove og utsikt over delar av dalane. 

Tilkomst og parkering

For å kome til startpunktet tek du av frå fylkesvei 61 til venstre i krysset på Åheim når du kjem frå Fiskå, følg Løvoldveien vidare. I krysset i Gusdalen køyrer du rett fram og fortsett mot Sundalen. Like før brattebakken er startpunktet for turen, og på motsett side finn du ei god lomme med plass til fleire bilar der du kan parkere.
Fottur
Grønn
Lengde
0,75 km en vei
Stigning
90 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
164 moh
Merking
Skiltet
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Køyreskildring
Print ut