English

Kamben på Bjørke

Volda

Kort om turen

Ein lett tur som gir deg superfinutsikt når du kjem opp på Kamben. Passar for alle, også som familietur.

Ruteskildring

Start ved Bakketunet. Her er det skilta mot Kamben og Leira. Følg skogsvegen knapt 1,5 km. Der skogsvegen sluttar, svingar stien mot venstre. Du kjem til eit stidele der du kan velge å gå til Kamben eller over til Leira. Stien vidare til Kamben er merka. Du kjem om litt opp på myrlendt område. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå deg om etter merking så finn du vegen. På Kamben er det fin utsikt utover fjorden og mot Viddal

Tilkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Hornindal/Stryn. Like før Kvisvtunnelen tek du av mot Bjørke og Viddal på Skjåstaddalen.Du køyrer etterkvart langs eit langstrakt vatn (Raudstadvatnet) og like etter eit mindre vatn (Saursvatnet) før kjem du til eit kryss. Ta av til venstre ned mot sjøen. Parker ved Tussa sitt symjebasseng. Gå deretter grusvegen mpt bakketunet der turen startar. 

Merk at den opparbeidde P-plassen ved turstart er reservert Bakketunet.
Fottur
Blå
Lengde
5,25 km tur/retur
Stigning
342 m
Tidsbruk
2 t. 10 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
376 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Marker
Underlag Lengde i km
Sti 2,5

Offentleg transport

Nei

Anna

Du kan kombinere turen med besøk i Bakketunet, men sjekk opningstider.

Kart

Sunnmørsalpane
Køyreskildring

API endepunkt

Turdata GeoJSON