English

Igesundvarden på Bergsøya

Herøy

Kort om turen

Å gå på Igesundvarden er ein bynær rundtur med god utsikt over Fosnavåg og det meste av Herøy. Igesundvarden er vestlegaste toppen på Bergsøya, og ligg 189 moh.  

Ruteskildring

Turen byrjar på øvre Myklebust. Gå først opp gjennom boligfeltet mot vest, deretter opp ein anleggsveg. Når du kjem oppom anleggsvegen går råsa over nokre myrar, det kan vere litt vått her, når du kjem opp til Vikevatnet deler råsa seg og går på begge sider av vatnet, tek du til høgre kjem du til Igesundhetta, tek du til venstre kjem du til Igesundvarden, så her er det ditt valg kva veg du vil gå rundturen. Turen går då rundt Vikevatnet og Storevatnet. God rås og godt skilta i vegkryssa.

Tilkomst og parkering

Køyr fv 654 mot Fosnavåg, ta av i vegkryss på Myklebust ved SPAR butikken, der du finn parkering. Følg Øvre Myklebust-vegen oppover til anleggsveg. Deretter følg merka StikkUT!-sti til Igesundvarden.
Fottur
Blå
Lengde
1,99 km en vei
Stigning
221 m
Tidsbruk
1 t. 35 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
189 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Kart

Køyreskildring
Print ut