English

Hyskjet

Stranda

Kort om turen

Turen startar ved Grande, i botnen av Ørnevegen. Frå Grande til Hyskjet er det 1,2 km, og ein går same vegen tilbake. Høgdeforskjellen er på 0-45 moh.  Om det er snøføre lenger oppe, er det sjeldan snø på denne turen.
Stikk UT!-tur frå 15. desember t.o.m. 2. påskedag.

Ruteskildring

På føtene passerer ein så ovanfor husa, nedom ei løe og oppom to naust.  No er det berre å fylgje råsa vidare i lett kupert terreng heilt fram til Hyskjet.

Hyskjet var tidlegare ein fjordgard, men vart seinare brukt som sommarfjøs til storfea for dei to bruka på Grande.

Tilkomst og parkering

Ved Grandebrua tek ein av til høgre ned mot Grande. Hald så til høgre i fyrste vegkryss og parker ved P-skilt ved kiosk. Er det vinterføre på vegane, bør ein parkere oppe på fylkesvegen.
Fottur
Grønn
Lengde
1,25 km en vei
Stigning
0 m
Tidsbruk
40 min.
Sesong
Vinter
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,1
Sti 1,1

Offentleg transport

Det går ferje 8.30 frå Hellesylt og retur frå Geiranger 16.15.på kvardagar. På søndagar 10.30 frå Hellesylt og 16.15 frå Geiranger. Ferja er gratis for personar. Vel ein dette altrnativet, blir det 4 km ekstra å gå tur/retur Geiranger-Grande. Å ta med sykkel på ferja kan vere eit alternativ, då er turen gjort på 5-10 min.

Anna

På Hyskjet vil ein sjå ein del murar etter dei gamle husa der, men også støypte murar frå nyare tid, ca 100 år gamle. Hyskjet Naturreservat ligg i dette området og er freda pga naturmangfaldet.
Køyreskildring
Print ut