Tur som eignar seg både som trimtur og ein snartur til fjells. Turen går på skogsveg/fjellveg. Det er laga til rasteplassar med sitjeplassar og bord for kvar tredel av turen. Frå dei to vardane som vart sett opp i samband med feste for løypestreng er det utsikt over Vanylvsfjorden og fleire av bygdene langs fjorden.
Fra lunningsplassen følger du vegen oppover. Omlag halvvegs på turen deler vegen seg, då tek du til venstre. Når ein kjem opp på platået nær den doble varden tek ein av frå vegen og går dei siste metrane på rås (sti).
Når ein no er komen opp på fjellplatået kan det vere fristande å gå vidare innover på fjellviddene. Hundsnesvardane er eit godt utgangspunkt for mellom anna. Trollevasshornet https://morotur.no/tur/Trollevasshornet og den lange slake turen til Brandalsdemningen https://morotur.no/tur/Hundsnes-Brandalsdemningen Ein kan og følgje fjellkanten vestover og gå på merka rås (sti) til Sighaugvatnet og kanskje til Brudevikvatnet. Alle desse turane har utgangspunkt ved enden av fjellvegen, der ein tek til høgre og inn på råsa som etter kvart deler seg i fleire skilta stikryss.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Grus | 4,5 |