English

Humberset - Vadstein via Hornet

Volda

Kort om turen

Ein flott rundtur der du er innom Humbersetsætra og Vadsteinsætra. Høgste punktet på turen er Hornet. Ein litt vekkgøymd topp med flott utsikt! 

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen kryssar du E39 og går gjennom grinda. Hugs å late den att etter deg, for her kjem geitene ned når det er tid for melking. Følg "geitevegen". Den tek ein skarp sving til høgre og snart er du inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god merking,- ikkje like tett der stien er tydeleg. Når du kjem opp til Humbersetsætra fortsetter du mellom dei to sela. Stien svingar til høgre, først over myrlendt terreng. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå etter merkepinnar i trea. Etterkvart vert det tørrare underlag og då er stien også lettare å sjå. Følg stien til det flatar ut i skaret mellom Hornet og Heidane. Då skal du ta av til høgre opp til Hornet, ca 500 m. Her der det ikkje sti, så her må du sikte deg inn mot toppen. Du finn nokre merke som du kan følge. Hornet har ikkje varde, men eit trigonometrisk merkepunkt. Ta gjerne pause her og nyt den flotte utsikta! Frå Hornet går du vidare i austleg retning. Følg stien forbi ein varde. Den blir etterkvart litt utydeleg, men du skal over på ein rygg der stien igjen er tydeleg. Sjå etter merkepinnar så finn du ruta over til denne ryggen. Følg ryggen heile vegen ned til eit lite tjern. Stien går vidare opp ein liten bakke og over til Vadsteinsætra. Litt varierande kor tydeleg den er, men følg merking så finn du fram. Frå selet lengst aust på Vadsteinsætra går stien ned til Vadstein. Sikt deg inn mot ei ståande helle så fin du tydeleg sti. Den går i flatt lende i starten, men blir etterkvart nokså bratt. Den er likevel ikkje vanskeleg å gå. Ikkje veldig mange går denne stien, men det går greit å finne den. Når bregnene og graset er høgt, må du sjå deg ekstra godt for. Stien skal merkast. Når du nærmar deg Vadstein, siktar du deg inn mot ei grind i gjerdet. Du skal ikkje heilt ned til denne, men sikte deg skrått inn mot hjørnet lengst til venstre. Følg gjerdet ned til vegen. No er du klar for siste etappe: 600 m langs vegen, så er du tilbake til start.

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyrer du E39 i retning Hornindal/Stryn. Ta av til Hjartåbygda like før Hjartåbergtunnelen og parker like etter avkøyringa. Her er det eit teknisk bygg og også busstopp
Fottur
Rød
Lengde
6,67 km rundtur
Stigning
685 m
Tidsbruk
3 t. 25 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
693 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6
Ingen sti 0,67

Offentleg transport

Buss frå Volda i retning Stryn - frammr.no Ein kan også sykle frå Volda. Sykle den gamle Austefjordvegen så slepp du å sykle gjennom Rotsethorntunnelen: Følg Andanesvegen frå Volda sentrum forbi Andaneset og Grevsneset.

Kart

norgeskart.no

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut