English

Homborset - Vadstein via Hornet

Volda

Kort om turen

Ein flott rundtur der du er innom Homborsetsætra og Vadsteinsætra. Høgste punktet på turen er Hornet. Ein litt vekkgøymd topp med flott utsikt!

Ruteskildring

Frå parkeringsplassen kryssar du E39 og går gjennom grinda. Hugs å late den att etter deg! Geitene kjem ned her når det er tid for melking. Du skal følge "geitevegen". Den tek ein skarp sving til høgre og snart er du inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god merking (raude merkepinnar i trea). Når du kjem opp til Homborsetsætra fortsetter du mellom dei to sela. Stien svingar til høgre. Den går først i myrlendt terreng. Her kan stien vere litt utydeleg, men sjå etter merkepinnar i trea/merkestaur. Etterkvart vert det tørrare underlag og då er stien også lettare å sjå. Følg stien til det flatar ut. Då skal du ta av til høgre opp ein bakke som ikkje har sti, så her må du sikte deg inn mot toppen. Sjå etter merkestaur. Hornet har ikkje varde, men eit trigonometrisk merkepunkt. Ta gjerne pause her og nyt den flotte utsikta! Frå Hornet går du vidare i austleg retning. Følg stien. Den blir etterkvart litt utydeleg, men du skal over på ein rygg der stien er tydeleg. Sjå etter merkestaur/merkepinnar i trea så finn du ruta over til denne ryggen. Følg ryggen heile vegen ned. Stien går vidare opp ein liten bakke og over til Vadsteinsætra. Litt varierande kor tydeleg den er, men følg merking så finn du fram. Frå selet lengst aust på Vadsteinsætra går stien ned til Vadstein. Sikt deg inn mot ei ståande helle så fin du tydeleg sti. Følg denne. Stien ned til Vadstein er nokså bratt nokre stadar, men ikkje vanskeleg å gå. Det er ikkje veldig mange som går denne stien, men det går greit å finne den. Her er merkestaur/merkepinnar i trea. Når bregnene og graset er høgt, må du sjå deg ekstra godt for. Når du er nesten nede, følger du gjerdet ned til vegen. No er du klar for siste etappe på runda: 600 m langs vegen, så er du tilbake til start.  

Tilkomst og parkering

Frå Volda sentrum køyrer du E39 i retning Hornindal/Stryn. Ta av til Hjartåbygda like før Hjartåbergtunnelen og parker like etter avkøyringa. Her er det eit teknisk bygg og eit busstopp
Fottur
Rød
Lengde
6,83 km rundtur
Stigning
643 m
Tidsbruk
3 t. 30 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
693 moh
Merking
Merket

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 6
Ingen sti 0,83

Offentleg transport

Buss frå Volda i retning Stryn - frammr.no

Kart

Sunnmørskart

Lenke til turskildring

Køyreskildring
Print ut