Bratt og fin tur til gammalt sel. Turbok å skrive seg inn i.
Ruteskildring
Bratt rås. Går gjennom barskog første delen, men det vert bedre utsikt når ein kjem lenger opp. Mogleg fortsette til Varden, eller gå langs fjellsida til Midtbustsætra.
Tilkomst og parkering
Parker i sentrum eller ved bensinstasjonen. Vis á vis bensinstasjonen går du 1 km oppover mot Hovslia bustadfelt. Her følgjer ein vegen, først ein krapp sving til venstre, og lenger oppe tar ein til høgre i vegkrysset. I enden av vegen tek ein oppover forbi det siste huset (nedover går ein gangveg). Råsa starter rett over snuplassen.
Anbefalt parkering i sentrum eller ved bensinstasjonen, då det er begrensa tilgang til parkering i Hovslia.