Første del av turen går på ein delvis hellelagd og flott sti til Homborsetsætra. Hornet har flott utsyn inn Austefjorden, inn Kilsfjorden, ut Voldsfjorden og mot Sunnmørsalpane. Vil du gå ei anna rute ned att, kan du følge merking vidare til Vadsteinsætra og Vadstein
Frå parkeringsplassen kryssar du E39. Start ved grinda på oversida av vegen, ved skilt og turtavle. Hugs å late att grinda etter deg! Geitene kjem ned her når det er tid for melking. Du skal følge "geitevegen". Ta til høgre etter ca. 100 m (følg turpil) og like etter er du inne på stien. Store delar av stien er hellelagd og det er stort sett god merking (raude merkepinnar i trea). Oppe på Homborsetsætra er det fint å ta ei pause på sletta framfor sela. Her er det fin utsikt inn Kilsfjorden og mot Straumshamn. Stien går vidare bak sela, ta til høgre. Det er god sti det meste av ruta. Ruta frå Homborsetsætra til Hornet er merka med merkepinnar i trea og merkestaur
Frå Volda sentrum følger du E39 til ei rundkøyring like etter Volda Campus arena. Ta av mot Stryn, og køyr gjennom Rotsethorntunnelen. Like før neste tunnel (Hjartåbergtunellen) tek du av mot Hjartåbygda (Hjartåbygdvegen). Parkeringsplass like etter avkøyringa.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 4 |
Du kan også starte turen i austenden av Rotevatnet.