Lysløypa i Holtamoen i øvre Surnadal ligg i relativt flatt terreng. Den er derfor veldig godt eigna for både barn som skal lære å gå på ski, og vaksne som ønskjer ein lettare kvardagstrim.
Du finn også turkasse for Stikk UT! ski på denne rundturen.
Køyr i ca 10 km frå Skei i Surnadal i retning Rindal, og ta av opp til høgre inn på Vindøldalsvegen. Viss du kjem frå Rindal, kjem du til dette krysset rett etter at du har passert Røv mølle og brua over Vindøla. Sving så opp til venstre.
Køyr ca. 400 meter innover Vindøldalsvegen. Her kan du parkere på høgre side. Gå inn på ein liten stikkveg til høgre, og du kjem straks til skibua ved lysløypa. Følg opptrakka rundtur i lysløypa. Den er ca 2,2 km lang. Turboksen finn du på eit tre i området ved skytebanen, omtrent på det punktet i løypa som ligg lengst bort frå startpunktet ved skibua.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Preparert med tråkkemaskin | 2,16 |