English

Holstadhornet frå sentrum

Hareid

Kort om turen

Ein av sentrumstoppane i Hareid. Turen opp til Holstadhornet går på hellelagd sti (Køyrevegen) store delar av vegen. Du har flott utsikt mot mellom anna fire fergstrekningar.

Ruteskildring

Frå Finnsgardsparka tek du vidare til venstre opp Teigeråsa. Fortsett til toppen av bakken. 50 meter til venstre på Hovlidvegen går Torkelvegen inn til høgre. Etterkvart flatar vegen ut, og cirka 50 meter etter utflatinga går ein liten sideveg mot venstre. Ved enden av denne går stien over ei mark langs ein steingard til venstre for den grå løa, og vidare opp gjennom eit tun. Stien kjem meir tydelig fram etterkvart som du kjem inn på, hellelagd sti; Køyrevegen. No er det tydeleg sti heilt til topps. Nokre fuktige parti mot slutten, men elles er det tørt og fint.

Tilkomst og parkering

I rundkjøringa i Hareid sentrum, like ved fergekaia, tek du av mot Brandal. Køyr opp Teigevegen og vidare inn på Finnsgardsmarka. Her er det parkering på venstre side. Ingen avgift.
Fottur
Blå
Lengde
3,70 km en vei
Stigning
511 m
Tidsbruk
3 t. 10 min.
Sesong
Vinter, Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
530 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Denne turen kan nåast til fots frå Hareid sentrum.

Anna

På starten av turen, omtrent 100 meter etter du har passert tunet, ser du ei opning i skogen til v.; Hovlidbana. Det var her Åge Hareide la grunnlag for karrieren sin som fotballproff, landslagsspelar – og seinare landslagstrenar
Køyreskildring
Print ut