English

Holstadhornet frå Gjerdefeltet

Hareid

Kort om turen

Fin tur i moderat stigning. Ingen bratte parti, så her kan du gå om du er høgderedd også. Furuskogen er vakker å gå inni, og på toppen av Holstadhornet, har du superfin utsikt mot Sulesund, Brandal, Hareid, Hareidsdalen, og mot Ulsteinfjella.

Ruteskildring

Følg asfaltert veg, sjå merka løype på kartet til du kjem til gardstun på Gjerdefeltet. Her starter turen på rås. Gå opp asfaltert veg, og i krysset tar du til venstre. Gå ca 50 meter og ta av til høgre. Følg den vegen oppover til vegs ende. No er du kommet til den øverste garden på Gjerde. Du går gjennom tunet/marka og følger sti. Her er grinder og det er viktig å lukke desse, da det er beitedyr her. Hold mot venstre hjørnet av den øverste marka. Her går du gjennom ei grind. Råsa er tydeleg resten av turen. Her kan du også fylle vannflaska i elva som du til tider går langs. Når du kjem over tregrensa har du vakker utsikt over Hareid sentrum mot Sulesund, og også mot Hareidsdalen. Det kan vere litt vått på eit par parti rett oppom tregrensa, men ellers ein tørr og fin tur.

Du kan også gå denne turen frå Holstad. 

Tilkomst og parkering

Frå Hareid sentrum, kjører du til Hareid barneskule som er i sentrum. Her er det god parkering. Turen starter her.

Fottur
Blå
Lengde
2,35 km tur/retur
Stigning
512 m
Tidsbruk
1 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
530 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Asfalt 0,3
Sti 2,05
Køyreskildring
Print ut