English

Høgsætra - Erstadsætra

Ålesund

Kort om turen

Turen frå Høgsætra til Erstadsætra er ein svært familievennleg tur med yngre barn. Området mellom sætrane har vore utmarksbeite og er framleis ope med vidt utsyn. Nokre stader er det litt vått, men det er god sti og mykje spennande å sjå og oppdage.

Ruteskildring

Frå parkeringa går du opp vegen til sjølve Høgsætra. Det er ei lita stigning på omlag 100 høgdemeter. Fortsett på sti opp og vestover ei lita kneik på omlag 50 høgdemeter. Det er litt vått i dette området, men eit lite tips til stopp er at ein kikar på ei av soldoggplantene som trivast i det lisje myrsiget/bekken like før terrenget flatar ut. Soldogg er ei av dei kjøttetande plantene i Noreg. Følg stien som er småkupert, men i tilnærma flatt terreng vestover til Erstadsætra. I området kan du sjå Heilo i hekketida, og kanskje også finne orkidéar som td korallrot. 

Det er flott utsyn utover Ellingsøyfjorden og terrenget rundt.

Tilkomst og parkering

Frå Engeset ved Engsetdalsvatnet køyrer du oppover Storsætervegen mot Storsætra. Fortsett vidare oppover til venstre på vegen Botnen heilt opp til Høgsætra der det er tilrettelagt parkering.
Fottur
Grønn
Lengde
1,14 km en vei
Stigning
50 m
Tidsbruk
45 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
442 moh
Merking
Ikke skiltet eller merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Grus ,3
Sti 2

Lenke til turskildring

Betalingsmiddel for bomvei

Vipps
Køyreskildring
Print ut