Høgåsen er Dimnøya sin høgste topp. Flott utsikt frå toppen, her ser du heile Ulsteinvik og store deler av Herøy og heilt til fugleøya Runde. Her kan du sjå sola stå opp og gå ned. God og tydelig sti til toppen. Familievenleg tur.
Første halvdel av turen går i tydelig sti og i ein del skog. Når ein kjem halvvegs opp vil ein få god utsikt mot Garshol, Herøy og Ulsteinvik. Stien har eit par «vegkryss» som vil bli merka.
Underlag | Lengde i km |
---|---|
Sti | 1,32 |