English

Hidsegga

Sande

Kort om turen

Flott og spennande tur med mykje fin utsikt.

Ruteskildring

Frå parkering på Hide, følger du traktorveg mot Hidsdalen. På vegen oppover kryssar du ei elv, så her er det fullt mogleg å fylle drikkeflaska. Når du kjem til om lag 150 moh. er der eit skilt som peikar mot Hidsegga der du skal ta av. Følg så merka sti oppover mot Hidsegga. Det kan vere litt vått i starten på dette området om det har vore mykje nedbør. På om lag 300 moh. kan du velge om du vil gå bratt og rett opp til Hidsegga, eller om du ønsker å gå litt slakkare.

Om du velger å gå litt slakkare, vil du få fin og luftig utsikt til Hidsneset. På om lag 480 moh. møtes stiane som går vidare til toppen. Om du velger å gå bratt, går ein del av stien i steinete ur, men greitt å gå.

På toppen av Hidsegga 556 moh., er det plassert ut ei «sikterose» som viser namna på dei nærliggande fjelltoppane. Frå toppen har du god utsikt mot Herøy og øygruppa Flåvær.

Fantastisk utsikt utover havet mot øyane i Sande kommune og Svinøya.

Tilkomst og parkering

Start ved hovudvegen og følg grusvegen som går mot Hidsdalen. Det er mogleg å parkere ved hovudvegen (møteplass / busslomme) ca. 100 meter nord for der grusvegen startar mot Hidsdalen.

Fottur
Blå
Lengde
2,94 km en vei
Stigning
563 m
Tidsbruk
2 t. 55 min.
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Offentleg transport

Buss mellom Stoksund og Gursken. http://www.frammr.no
Køyreskildring
Print ut