English

Hidsegga frå Hidsneset

Sande

Kort om turen

Bratt tur med fantastisk utsikt. På toppen av Hidsegga 556 moh. er det plassert ei sikterose som viser kva du ser rundt deg. Turen kan kombinerast med ein fin tur til fyret på Hidsneset.

Ruteskildring

Ved parkeringa er det plassert info-tavle og skilt. Kryss vegen og start på motbakken. Du kjem fort opp på ein rygg som fører deg vidare oppover mot det bratte partiet. Allereie frå denne ryggen får du god utsikt.  Frå om lag 100 til 250 moh. er det bratt og luftig. I dette området kan det på enkelte plassar vere litt glatt også. Ved om lag 250 moh. kjem du til eit område med fin utsikt og kanskje på tide med ein pust i bakken. Vidare oppover mot toppen er det fin sti, sjølv om det ikkje er så bratt lenger, er det forsatt ein lang motbakke før du kjem til toppen. Om du ønskjer litt utforsking på turen oppover, så er det mogleg å ta ein avstikkar nedober ryggen til Flåtinden. På toppen av Hidsegga er plassert ein stor varde med Sikterose på toppen.

Tilkomst og parkering

Parkering ved Hidsneset, der du går ned til fyret, plass til ca, 8 bilar.
Fottur
Svart
Lengde
1,60 km en vei
Stigning
562 m
Tidsbruk
2,5
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Høyeste punkt
556 moh
Merking
Både skiltet og merket
Mobildekning
Ja

Løype på kart

Underlag Lengde i km
Sti 1,0
Ingen sti 0,6

Offentleg transport

Anna

Flott og stor varde på toppen av Hidsegga. https://www.kulturminnesok.no/kart/?q=&am-county=&lokenk=location&am-lok=&am-lokdating=&am-lokconservation=&am-enk=&am-enkdating=&am-enkconservation=&bm-county=&cp=1&bounds=62.285862939033315,5.572015643119812,62.28359260462523,5.576950907707214&zoom=18&id=6b92092a-8ce8-11eb-9ff3-005056bf3d73
Køyreskildring
Print ut